BJØRN WEST MARSJEN - kvart år, nest siste søndag i august.

Bjørn West-marsjen er ein årleg turmarsj på vel 15 kilometer, der heile familien kan delta. Marsjen, som går i fjellterreng, er først og fremst ein minnemarsj om det som hende i Matrefjella i Masfjorden siste del av andre verdskrig. Marsjen har, og skal i åra framover vera med på å gje nye generasjonar kunnskap om den innsats, slit og forsvarsvilje soldatane i Bjørn West synte.

Marsjruta er lagt framom mange av dei historisk kjende stadane der Bjørn West-soldatane heldt til, og der dei kjempa i dei siste krigsdagane i 1945.  Marsjen startar ved Litle Matrestølen, går forbi Kringlebotn, opp ” Rusti” og over Klavefjellet (løype A) eller om Fagerdalen ( løype B) Løypene møtes før nedstigninga til Stordalen, der marsjen vert avslutta ved  Stordalen fjellstove. Marsjen vert avslutta med ei minnestund i Stordalen og nedlegging av krans ved bautaen over dei falne. 

Opptakten til Bjørn West-marsjen vart gjort på initiativ av befal frå Lindås Heimevernsområde. Første Bjørn West-marsj gjekk sundag 11/9-1983 Etter at Lindås HV-område fekk ungdomsgruppe, fekk denne ansvaret for  registrering av deltakarane ved Steinareset, Masfjorden HV-område sto for  registrering av deltakarar på Matre, og mottak av alle ved innkomst i Stordalen.  Sambandsteneste og førstehjelp vart dei første åra utført av Røde Kors Hjelpekorps frå Lindås og Meland. Bergen Nordhordland Rutelag  sto for transporttenestene.  

Sidan 1987 har marsjdagen vore nest siste sundagen i august. Talet på deltakarar har gjennomsnittleg vore ca 600 stk.

I år (2011) utvidar ein arrangementet med ein kortare tur i eit nytt “Bjørn West–område”. Den nye turen går frå Nystølen på Sognesida sørover til Stordalen Fjellstove, og den er ca. 6 km. Turen følgjer T-merka sti i flatt, lett terreng, med ei bratt nedstigning til Stordalen Fjellstove. Den nye korte løypa bringar eit anna perspektiv inn, og dei to marsjane utfyller derfor kvarandre godt i forhold til minnemarkering over dei krigshandlingar som fann stad. Begge løypene har same innkomst ved Stordalen Fjellstove, og arrangementa i etterkant er felles for alle marsj-deltakarane.

Alle som har gått Bjørn West-marsjen får diplom. Dei som har gått tre, seks eller ti gonger får høvesvis eit merke i bronse, sølv og gull. I 1993 hadde 50 deltakarar fått gullmerket. Etter kvart har det og kome til jakkemerke etter 15 gonger, statuett etter 20 og statuett i glas etter 25 marsjer.

Bjørn West Marsjen var frå starten eit samarbeid mellom Lindås og Masfjorden HV-områder, og Bjørn West veteranane som hadde stifta si eiga foreining, Foreningen Bjørn West. Men tidene forandrar seg. Etter at det kom tunell ned til Matre, har påmelding, start og påstiging buss flytta til Matre, der det og er gode parkeringsmuligheiter. Det har skjedd forandringar i HV, og det er ikkje mange av BW veteranane att. Nye buss transportørar kjem og går. Men Bjørn West Marsjen lever vidare. Det
gjer og HV. Og Foreningen Bjørn  West (neste generasjon vil føra arven vidare).

I dag er Bjørn West Marsjen eit samarbeid mellom Bergenhus Heimevernsdistrikt 09, Foreningen Bjørn West og Masfjorden Kommune.

Litt historikk

Litlematrestølen 

Søndag 29. april 1945 om ettermiddagen var det harde kampar nordvest for Litlematrestølen.  
Tyskarane skulle ta Kringlebotn, og sende om lag 30 mann av garde fr
å Fossen. 28 andre tyskarar skulle gå nordover fjellet mot Kringlebotn frå Litlematrestølen. Men ved Litlematrestølen vart dei stogga av 11 norske soldatar med fenrik Egil Arne som sjef. 

Tyskarane kom frå Matre, og vart oppdaga av norske vaktpostar kl. 11.30. Dei tyske soldatane sleit tungt i blautsnø og snøbyger, og nordmennene som låg i gode stillingar, venta i det lengste med å opna eld. Dei skaut først då tyskarane var 50 m frå dei. Johan Hansen Gatland frå Fotlandsvåg på Osterøy fall i skotvekslinga som følgde. 

27 tyskarar vart drepne. Den siste vart såra, men kom seg attende til Matre og melde frå. Bjørn West-soldatane evakuerte no Litlematrestølen, og det var i siste liten. Då dei siste nordmennene la i veg mot Stordalen, såg dei over 100 tyskarar rykkja fram mot Litlematrestølen. 

 
Bjørn West Marsjen 2011. Søndag 21. august - praktisk info

Bjørn West-marsjen lang – Frå Litlematrestølen.

Påmelding frå kl 07.00 til 10.00 ved BKK sitt anlegg på Matre, like ved E39, 85 km frå Bergen og 25 km frå Oppedal. Det er god plass til parkering på staden. Det er også mogleg å komme til Matre med Ekspressbuss. Frå Bergen avgang frå Nonneseter- terminalen på Bystasjon kl. 08.00.
Frå Sogn ankomst Matre 07.10.

Frå Matre vert deltakarane transporterte med buss opp mot Litlematrestølen, som er startstad. Det vil gå kontinuerleg bussar mellom kl. 07.00 og 10.00.

Etter innkomst ved Stordalen Fjellstove går det bussar frå Stordalen til Matre. Frå Matre går det ekspressbuss til Bergen kl. 16.40, 18.45 og 20.10. Mot Sogn går det ekspressbuss 15.55, 17.55 og 21.25.

Bjørn West-marsjen kort – Frå Nystølen.

Påmelding i Stordalen ved parkeringsplassen ved NAF-camping mellom kl 09.30 og 12.00. Ein kan parkera her, eller parkere på Matre og følgja med bussen frå Matre i tida kl 09.30 – 11.00. Etter påmelding er det felles transport til Nystølen mellom kl 10.00 og 12.00. Det vert derfor ikkje mogleg med direkte oppmøte eller på påmelding på Nystølen.

For dei som ynskjer å gå fellestur med turleiarar, er det start frå Nystølen kl. 10.30 og kl 11.30.

Deltakarane i kort løype kan nytta same bussamband frå og til Bergen som nemnt under ”Lange løype”. Frå Sogn kan også ekspressbuss med ankomst Matre kl 10.40 nyttast.

Felles for alle deltakarane i Bjørn West marsjen

Deltakaravgift for vaksne er kr 200,-. (deltakeravgift, busstransport T/R og premiering). Barn (født etter 1996) betalar berre kr. 50,- (busstransport og premiering). Alle deltakarane får ved betaling av start-kontingent brosjyre med informasjon om Bjørn West.

Deltakarane vert oppmoda om å kle seg fornuftig – spesielt er godt fottøy viktig. Dersom det vert regn, kan det vere glatt å gå i dei brattaste partia. Bergenhus Heimevernsdistrikt 09 og Røde Kors stiller med sanitets- personell langs rutene. Arrangør og Norges Gang- og Marsjforbund gjer merksam på at alle deltar på eige ansvar.

Betal med kontantar, ikkje kort.

Vel møtt til ein fjelltur i Bjørn West sine fotefar.


bwmars1.jpg

Kringlebotn 

Dei første kampane fann stad ved Fossestølen i 04- tida laurdag 28. april 1945. Ein norsk vaktstyrke slo attende ein mindre tysk styrke. Denne laurdagen var det samla mykje Bjørn West- folk på fjellgarden Kringlebotn. Garden ligg løynd i ei lun hole på sørsida av Klavefjellet. Denne lagnadsdagen var om lag 60 norske ungdomar samla der. 50 nykomlingar skulle få våpenopplæring. 

Fenrik Nils Åsheim var kompanisjef og leiar for befalet som skulle trena dei nye rekruttane. Hjalmar Matre, som åtte garden, var nestkommanderande. Dei kom i strid før rekruttskulen kom i gong.  Laurdag morgon oppdaga dei 3-4 tyskara ved nokre løegrunnar i vestre vassenden. Ein patrulje
frå Bjørn West vart send av stad for å ta seg av desse tyskarane. Alt det første skotet frå tyskarane drap den 26 år gamle fenrik Arnold Mathisen frå Kongsvinger. Fenrik Ragnvald Totland frå Eknes vart såra. Det vart ein av tyskarane og, men fienden kom seg unna. 

Ettermiddagen dagen etter kom tyskarane attende med ein tropp på omlag 30 elitesoldatar. Dei kom ned Rusti i nærleiken av der Bjørn West-marsjen no går, og ned vestre skaret.  To nordmenn stogga fienden ved Rusti heile ettermiddagen og kvelden. Hardaste striden vart ved vestre skaret. Her fall Jakob Åsheim frå Hosanger og Odd Narve Tindeland frå Haugesund. 

Tyskarane hadde store tap og drog seg attende i 9-tida om kvelden. Utover natt til måndag, evakuerte nordmennene Kringlebotn og drog over fjellet til Fagerdalsstølen.  Tyskarane fekk mange drepne og såra på Litlematrestølen og i Kringlebotn denne dagen, søndag 29. april 1945. 

Klavefjellet / Stordalen 

Tysdag 1. mai 1945 var det kampar ved Krokavatnet nord for Stordalen. Tyskarane kom oppover frå Sognefjorden, men vart stogga der. 

Torsdag 3. mai kom store styrkar opp frå Fossen for å gå over Klavefjellet mot Stordalen. 12-14 norske soldatar med Johannes Kålås frå Hjelmås som lagførar, stogga fienden i halvannan time. Det var nok til at Bjørn West-styrkane kom i stilling tvers over heile Klavefjellet.  Frontlinja gjekk i ein boge, mest som ein sekk. Og tyskarane hamna i sekken. Mellom 150 og 200 tyskarar kom opp frå Fossegarden, og like mange frå Fossevatnet. Det var dei nordmennene først kom i strid med. Nordmennene opna eld då tyskarane nådde nord for vatnet på Klavefjellet. 

Nordmennene hadde rikeleg med ammunisjon etter flyslepp natta før, og låg i gode stillingar. Tyskarane hadde store problem med å skjøna kvar elden kom frå. Nordmennene synte stor krigskunst, og klokka 18.00 måtte tyskarane trekkja seg attende med store tap. 

Bjørn West-folka fekk melding frå London om at krigen snart gjekk mot slutten, og fekk ordre om å bryta all kontakt med tyskarane. 

I Stordalen hadde det vore strid laurdag 28. april 1945. Tyskarane fanga to norske ordonansar som var på veg frå Kringlebotn til Stordalen. Ein tredje ordonans, Arne Lampe frå Fana vart skoten av dei same tyskarane då han var på veg frå Stordalen til Kringlebotn.
 
I Stordalen kom dei same tyskarane over nokre nordmenn som la opp telefonliner langs sørsida av Stordalsvatnet. Ein av nordmennene, Henning Wernøe frå Bergen, fall i trefningane som følgde. Ein norsk offiserpatrulje gjekk til motåtak, skaut 3 tyskarar, og befridde dei to norske fangane. 

Den gamle fjellmannen Torgeir Stordal let livet 4. mai 1945. 76 år gamal vann han ikkje følgja med då Stordalen vart evakuert.  Han vart att på garden der han hadde levd heile livet sitt. Tilliks med osingen Sigurd Johannessen som vart såra, gøymde han seg i urane i området. Etter eit døger torde Torgeir seg ned til husa sine. Der kom fienden over han, skaut han og brende han inne saman med resten av husa i Stordalen.  
 
Oversikt over Bjørn West – marsjer

År.            Dato.         Deltakerantall.   Talere og kranspåleggere.

1983.          11. sep.                 623.                      Ola Litleskare, Generalmajor. D.K.V.
1984.          09. sep.                 934.                      Eilert Eilertsen, Lege i Bjørn West.
1985.          01. sep.                 573.                      Ola Berg, Generalmajor, GIHV.
1986.          07. sep.                 443.                      Roar Hedegård Jacobsen, Feltprest i BW.
1987.          23. aug.                 837.                      Sverre Helland, BW veteran.
1988.          21. aug.                 660.                      Fredrik Kayser, NK. Bjørn West.
1989.          20. aug.                 698.                      Tormod Sleppen, Generalmajor, GIHV.
1990.          19. aug.                 970.                      Arnfinn Finne, BW veteran.
1991.          18. aug.                 820.                      Erik Riisnes, Ordfører i Masfjorden.
1992.          23. aug.                 871.                      Vigar Aabrek, Sjef IR9/ FD19.
1993.          22. aug.                 650.                      Helen Mowinchel Nilsen, Sjef KP1 BW.
1994.          21. aug.                 498.                      Kjell Espelid, BW veteran (soldat nr.1)
1995.          20. aug.                 850.                      Ulf Arnesen, Oberstløytnant Sjef HV9.
1996.          18. aug.                 739.                      Atle Neteland, Adm.dir. BKK.
1997.          24. aug.                 460.                      Sverre Øverland, Generalmajor DKSV.
1998.          23. aug.                 384.                      Nils Bjørge, BW veteran.
1999.          22. aug.                 677.                      Roald Haugen, Generalmajor GIHV.
2000.          20. aug.                 400.                      Sigurd Helstrøm, Brigader, Stabsjef,
2001.          19. aug.                 360.                      Karstein Torkildsen, BW veteran.
2002.          18. aug.                 680.                      Knut Åge Greve, Oberstløytnant HV9.
2003.          24. aug.                 678.                      Odd Frøyse Tangen, Generalmajor GIHV.
2004.          22. aug.                 568.                      Bengt Ivar F. Brovold, Generalmajor GIHV.
2005.          21. aug.                 570.                      Helge Haukeland, tidligere ordfører I Masfj.
2006.          20. aug.                 475.                      Svein Alsaker, Fylkesmann i Hordaland.      
2007.          19. aug.                 365.                     Jan Blom, Generalmajor.
2008.          19. aug.                 503.                     Anne-Grete Strøm-Eriksen, Forsvarsminister.
2009.          23. aug.                 403.                     Kjell Wernøe, 2.generasjon BW.                        

Her kan du lese mer om Bjørn West marsjen og Bjørn West

Her kan du se bilder fra Bjørn West marsjen 2008